Påmeldingsskjema for årets yrkes- og utdanningsmesse for Sauda og Suldal torsdag 9.november 2023, samt den heilårige digitale plattformen utdanningiryfylke.no.
Meld di verksemd på ved å fylle inn skjemaet under innan fredag 29. septemberfor å bli med på årets yrkes- og utdanningsmesse og rekrutteringsnettsida vår - ein felles marknadsplass og rekrutteringsarena for yrkesval i Ryfylke.
Me minnar om at bedrifta di sjølv er ansvarleg for messeutstillinga, og kvar stand er 2,5 m2. Legg inn informasjon nedanfor om de ønskjer at me skal levere stolar, bord eller straum til standen dykkar under messa. Alle som stiller på stand vil få enkel bevertning med kaffi, vatn og frukt. Dersom de ønskjer kan de også velje lunsjpakken som eit tilleggsval for dykkar deltakarar på stand. Ønskjer de dette ber me deg notere ned om de har nokon matallergiar.
Etter at du har fylt inn skjemaet vil du få tilsendt ein mail med informasjon som du må ettersende oss dersom du ikkje allereie har ei bedriftsside på utdanningiryfylke.no. Dette er mellom anna presentasjon av di verksemd, bilde og video. Dersom du allereie har ei digital bedriftsside er det viktig at du ser over den og sender oss eventuelle endringar og oppdateringar.
Har du spørsmål om skjemaet kan du ta kontakt med Marit Larsen i Næringshagen i Ryfylke på marit@nhryfylke eller via telefon på 90684861.
Hjarteleg velkomne til rekrutteringsarbeid for Sauda og Suldal!